Julekalenderen er slutt

Å være pårørende og veldig glad i et menneske med demens.

Les diktet for noen kolleger i dag og snakk sammen i etterkant. Pasientene «våre» er først og fremst noen andres kjære. Noen ser og opplever dette mennesket fra et annet perspektiv enn vårt.

Alzheimers

Ein kvardag.. ein tur, ein prat..

livlig snakk om alt og ingenting..
om pusekattar, vær og vind,
om flotte klær og klem av gode kinn.
Om redsel og om glede,
om det å elske og det å leve.
Om krig i verda og fred vi har..
musikk, teater, om søster og om bror...
barndomsminner, din far og mor.

Så kan vi kjenne ein latter god,
som nærast stel pusten frå oss båe to.
Og sjølv om eg veit, så inderleg vel...
eg veit at det gløymast.. men minnane tel..
Eg klamrar meg til deg... så lenge eg kan..
og held deg godt inni mitt hjarte og mitt drøymeland.
Ein mamma for meg så utrulig kjær..
eg minnast kvar hending og kvar ein dag..
kvar tur og kvar prat og når vi ler ilag.
Og framleis så finn eg støtte der vi går arm i arm...
ein solskinnsdag, ein tur i lag.

Eg lover at eg skal minnast for oss båe to..
skal minnast alt vi prata, gjekk og lo.
Og turen den var lang og kjekk..
til tross for glemsel at vi gjekk....

Ragnhild Svensli

http://www.ks.no/etisk-kompetanseheving
Facebook: 
Samarbeid om etisk kompetanseheving
YouTube.com